Neste dominobrikke
Aktivitet
Her ser du tre rader med dominobrikker.
Kva blir dei neste dominobrikkene i mønstera?
Starthjelp
Sjå på den øvste delen av dominobrikkene først og så på den nedste delen.
Løysing
0 0 0 0 : 0 0
1 2 3 4 : 5 6
6 5 4 3 : 2 1
6 5 4 3 : 2 1
6 5 4 3 : 2 1
5 4 3 2 : 1 0
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne oppgåva gir elevane eit fint høve til å kjenne igjen, tolke, beskrive og utvide talfølgjar. Du kan lage fleire liknande oppgåver, og elevane kan også utfordrast til å lage eigne mønster. Det vil gi dei høve til å forklare si eiga tenking og vurdere andre elevars mønster.
Mogleg tilnærming
Elevane bør bli kjent med dominobrikkene gjennom frileik og dominospel før de byrjar med meir formelle oppgåver, som å lage mønster.
Bruk gjerne store dominobrikker til leik på golvet. Alternativt går det an å bruke virtuelle dominobrikker (du finn eit døme her https://nrich.maths.org/6361/index ).
Byrj med enkle mønster, som i det første dømet i oppgåva, der den eine enden av alle brikkene har same verdi (til dømes berre seksarar eller berre blanke). Du kan gjere nokon feil med vilje når du lagar eit mønster, for å utfordre elevane til å rette på feilen. Oppmuntre dei til å forklare kvifor det har vorte feil, og kvifor eit alternativt forslag blir rett.
Å fokusere på to mønster på ein gong kan vere nokså utfordrande for dei yngste barna, men du kan la dei arbeide i par og diskutere med kvarandre.
Ein annan måte å utfordre elevane på er å la den «tomme» brikka stå inne i mønsteret snarare enn på slutten. Dette kan også danne grunnlaget for gode diskusjonar i plenum.
Kopioriginal til mønstera finn du her.
Gode rettleiingsspørsmål
-
La oss sjå på den øvste delen av dominobrikkene først. Kan du seie tala høgt?
-
Kva kjem etterpå?
-
Kan du seie tala på den nedste delen av brikkene høgt?
-
Kva kjem etterpå?
Mogleg utviding
La elevane utvikle og forklare eigne mønster. Dei kan overraske deg med svært kompleks tenking. Døma i oppgåva er nokså enkle, med det er rom for å arbeide mykje meir avansert for å utfordre elevar som har komme lenger i forståinga si av tal og talfølgjar. Til dømes kan dei inkludere addisjon og subtraksjon, partal og oddetal, mønster som utviklar seg rad etter rad, eller rutenettmønster, sånn som dette:
Mogleg støtte
For mange elevar kan det vere nyttig å seie tala i kvar talfølgje høgt, og gå gjennom teljing i kjende mønster.
Ressursen er utviklet av NRICH