Læreplankoblet

Tosifra tal

Stikkord: Plassverdisystemet

Aktivitet

Du har eit sett med siffer frå 0 til 9.

Thumbnail

Kan du plassere desse siffera i dei fem boksane under slik at du får tosifra tal som passar best mogleg til beskrivingane?

Du kan bruke kvart siffer berre éin gong.

 

Eit partal som er så stort som mogleg:

Thumbnail

Eit oddetal som er så stort som mogleg:

Thumbnail

Eit oddetal som er så lite som mogleg:

Thumbnail

Eit tal i 5-gongen som er så stort som mogleg:

Thumbnail

Et tal som er så nær 50 som mogleg:

Thumbnail


Du kan også gjere dette her: 
 

Starthjelp

  • Bruk kort frå 0 til 9 eller papirbitar med tala skrivne på.
  • Kvar er det best å plassere 1 når du prøver å lage eit tal som er så stort som mogleg?
  • Kvar er det best å plassere 9 når du prøver å lage eit tal som er så lite som mogleg?

Løysing

Her er det mykje rom for diskusjon om kva som er den beste løysinga. Elevane kan vere med på å avgjere kva som utgjer ei god løysing, og kva som gjer éi løysing betre enn ei anna.

Ei mogleg tilnærming er å skrive ned idealtalet i kvart av dei fem tilfella, altså: 98, 99, 1, 95 og 50. Deretter kan elevane sjå kor stor forskjell det er mellom idealtala og dei tala dei sjølve har kjem fram til, for eksempel 90, 87, 13, 25 og 46.

Summen av differansane blir (98 – 90) + (99 – 87) + (13 – 1) + (95 – 25) + (50 – 46) = 106.

Går det an å finne ei løysing som gir ein mindre totalsum av differansane?

Eller finst det ein annan måte for å samanlikne løysingane som dukkar opp?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten passar godt når de vil arbeide med det at verdien av eit tal er avhengig av posisjonen til siffera. Samtidig gir det rom for å samanlikne tal og øve inn eit relevant vokabular. Oppgåva krev at elevane forstår korleis talsystemet fungerer, og det kan hjelpe dei til å forstå omgrepet plassverdi. Aktiviteten er også eit godt utgangspunkt for å diskutere kva som er ei god løysing, og korleis ein kan samanlikne to eller fleire løysingar for å sjå kva som passar best.

Mogleg tilnærming

Du kan begynne med å introdusere to ulike siffer, og spørje elevane korleis dei kan plasserast for å lage eit tal som er størst mogleg eller minst mogleg. Prøv dette fleire gonger med forskjellige kombinasjonar av to siffer. Kan siffera plasserast slik at det gir eit tal i 5-gongen? Dersom dei ikkje kan det, kva er grunnen?

Deretter kan du introdusere eitt av kriteria i aktiviteten, for eksempel å lage det størst moglege tosifra partalet. Alternativt kan du lage eigne eksempel, som å finne eit tal så nær 70 som mogleg.

Elevane må avgjere om 0 kan brukast som første siffer i eit tal eller ikkje. Det i seg sjølv kan vere ein interessant diskusjon. (Den endelige avgjersla er ikkje så viktig – det er grunngivingane som er sentrale, og det at elevane føler at det er dei som tek avgjersla.)

Deretter kan du bruke dette arket og la elevane arbeide i par, slik at dei kan diskutere ideane sine med kvarandre. Dei kan klippe ut tala og flytte dei rundt. Du kan føreslå at elevane gjer det til eit spel og spelar mot ein venn.

Mot slutten av økta kan de diskutere forskjellige strategiar og løysingsforslag i plenum. Kva for ei løysing kjem nærast måla som er gitt? Du kan også repetere det du gjorde til å begynne med i økta, og gi elevane to tal, som 2 og 6, og spørje korleis dei ville plassere dei for å lage det største eller det minste moglege talet. La dei forklare forslaga sine. Det vil gi godt høve til å vurdere kor mykje dei har lært.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kvar er det best å plassere 1 når du prøver å lage eit tal som er så stort som mogleg?
  • Kvar er det best å plassere 9 når du prøver å lage eit tal som er så lite som mogleg?

Mogleg utviding

Dei som synest det er lett å arbeide med tosifra tal, kan prøve seg på den firesifra versjonen til NRICH.

Mogleg støtte

Dersom du fokuserer på å lage eitt tal om gongen, vil denne aktiviteten passe for alle elevar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8