Læreplankoblet

Fantastiske former

Stikkord: Prealgebra Addisjon

Aktivitet

Dei to formene du ser her, har faste verdiar:

Thumbnail

Verdien til den raude forma endrar seg i kvart av tilfella nedanfor.

Kan du finne ut kva verdi han har på kvar linje viss verdiane til formene blir lagde saman?

Thumbnail

 

Starthjelp

 

  • Kva er summen av dei andre formene på kvar linje?

  • Kva blir då igjen til dei raude formene?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gir elevane høve til å øve seg på addisjon og multiplikasjon og framhevar også det inverse forholdet mellom dei to operasjonane. Oppgåvene gir dessutan elevane høve til å forklare korleis dei jobbar, og til å bli kjend med ideen om at symbol (former i dette tilfellet) kan representere tal.

Mogleg tilnærming

Skriv ut ark med oppgåvene til elevane og pass på at dei også har ekstra ark til å notere på.

Det er viktig å snakke med elevane om kva strategiar dei bruker. Inviter gjerne nokre elevar til å dele sine framgangsmåtar med resten av klassen. Framgangsmåtane vil variere avhengig av kva oppgåve det blir jobba med, og då kan det vere nyttig å diskutere kvifor nokre framgangsmåtar eignar seg betre enn andre i kvart tilfelle. Ver tydeleg på at kva strategiar som blir brukte er heilt opp til den enkelte, men diskuter gjerne kva som kan vere mest effektivt.

Mulig støtte

Du kan la elevane bruke kalkulatorar viss du vil setje fokus på framgangsmåten snarare enn aritmetikken.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8