Læreplankoblet

Rull terningen

Aktivitet

Thumbnail

Til denne oppgåva treng du eit 5 x 5-kvadrat og ein terning.

Plasser terningen i ruta øvst til venstre. Rull ein gong for kvar rute.

Thumbnail

Skriv talet som blir vist på toppen av terningen, i same rute (øvst til venstre). Følg ruta som er anvist med dei grøne pilene ved å rulle terningen frå rute til rute. Skriv ned talet som er på toppen av terningen, etter kvart som du rullar han. I videolinken nedanfor ser du korleis du gjer det. Hugs at du bestemmer sjølv korleis terningen skal liggje i starten.

Du kan sjå korleis du gjer det, i denne videoen:

 

  • Fyll ut alle dei 25 rutene. Kva legg du merke til?

  • Kan du sjå nokon mønster?

  • Start med eit anna tal, og fyll ut eit nytt 5 x 5-kvadrat. Kva legg du merke til no?

  • Kan du gjere nokon små endringar som gjer at mønstera endrar seg? Kva legg du merke til no?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva utfordrar kreativiteten til elevane. Dei må leite etter mønster og beskrive det dei finn, og dei må prøve seg fram, eksperimentere og stille gode spørsmål.

Mogleg tilnærming

Ein måte å presentere denne oppgåva på er å vise filmen og spørje elevane kva dei legg merke til. Då blir det mogleg å klargjere kva som skjer, og diskutere reglane for aktiviteten. Etter at reglane er bestemde og forstått, kan elevane gjere aktiviteten sjølv.

Du finn ein kopioriginal som elevane kan bruke til oppgåva. Når dei har fylt ut 5 x 5-kvadratet, kan dei skrive ned kva dei har lagt merke til. Etter at alle har gjort notat, blir er det eit fint høve til å diskutere og dele det dei har funne ut. Eventuelt kan elevane fylle ut eit nytt 5 x 5-kvadrat og observere på nytt. På den måten får dei stadfesta eller avkrefta observasjonane dei gjorde etter første forsøk. Når alle observasjonane er delte og diskuterte i plenum, kan elevane starte på det tredje punktet. Det er viktig å setje av tilstrekkeleg tid til deling og diskusjon i plenum.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Ser du noko mønster i tala du har skrive ned? Beskriv det du ser!

  • Kvifor blir mønsteret slik?

  • Prøv å starte med terningen i ei anna stilling enn første gong. Kva endringar har du gjennomført?

  • Fortel kva du har lagt merke til etter endringane.

Mogleg utviding

Kan elevane føresjå kva resultatet av regelendringar vil føre til (endring av storleiken på brettet, kva veg terningen skal rulle, osb.)?

Mogleg støtte

Nokre elevar kan trenge bistand til å notere tala på brettet og rulle terningen på rett måte.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8