Læreplankoblet

Fire tal på rad

Aktivitet

Teikn ei tallinje på eit ark, og marker tala frå 0 til 20, slik som dette:

Thumbnail

Du kan skrive ut denne kopioriginalen, der det er teikna fleire tallinjer.

Dette er eit spel for to spelarar. Den første spelaren vel to tal frå rutenettet under, og vel anten å multiplisere eller å dividere dei. Tala i rutenettet blir ikkje oppbrukte, så begge spelarane kan bruke tala på nytt seinare.

Thumbnail

Den første spelaren markerer deretter svaret på reknestykket sitt på tallinja. Den andre spelaren vel så to tal, utfører anten multiplikasjon eller divisjon med dei, og markerer svaret sitt på tallinja.

Dersom svaret er for stort eller for lite til å få plass på tallinja, må spelaren stå over den runden. Det same gjeld dersom spelaren får eit svar som alt er markert på tallinja.

Vinnaren er den spelaren som får fire markeringar på rad på tallinja, utan at motspelaren har nokre merke imellom.

  • Kva for gode strategiar finn du for å vinne?
  • Spelar det noka rolle kven som begynner?

Starthjelp

  • Kvar på tallinja vil du setje eit merke? Korleis vil du lage dette talet ut frå tala i rutenettet? De kan kontrollere svaret med ein lommereknar dersom motspelaren ikkje er einig.
  • Korleis vil du hindre at motspelaren får fire på rad før deg?
  • Er det nokre stader på tallinja som er lurare å starte med enn andre?
  • Er det nokre tal det ikkje er så lurt å starte med? Kvifor?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I dette spelet får elevane høve til å gjere overslag og estimere svar på utrekningar som står i ein motiverande kontekst, og det gir samtidig mengdetrening med multiplikasjon og divisjon. Å spele strategisk inneber å tenkje på eit høgare nivå og å tenkje framover og planleggje trekk.

Mogleg tilnærming

Du kan begynne med å spele mot ein annan vaksen (eller ein elev som har blitt fortalt reglane), utan å seie noko til klassen om reglane. Skriv ned alle utrekningane undervegs. Få klassen til å følgje med medan de spelar, og etter nokre trekk kan du spørje kva dei trur reglane er. Korleis kan ein vinne spelet? Etter å ha diskutert forskjellige moglegheiter med klassen kan du forklare reglane slik det er gjort greie for dei i oppgåva, og elevane kan begynne å spele saman to og to. Om du ikkje vil at elevane skal lage eigne tallinjer, kan du skrive ut denne kopioriginalen.

Du vil kanskje merke at vinnarinstinktet får elevane til å vere mistenksame og undersøkje svara frå motspelarane nøye. Det betyr at elevane vil bli nøydde til å forklare og grunngi korleis dei tenkjer, og kontrollere utrekningane sine nøye. Det er også rom for at dei kan lage sine eigne reglar etter kvart. Skal det for eksempel vere tillate å dividere eller multiplisere eit tal med seg sjølv, eller må ein velje to forskjellige tal? Må svaret bli eit heiltal? Vil elevane oppdage at 0 ikkje kan brukast?

I plenum bør du oppmuntre elevane til å forklare strategiar som dei har kome fram til. Du bør kanskje også setje fokus på nokre særleg gode eksempel eller forklaringar som du plukka opp medan elevane spela.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis bestemmer du deg for kva for eit tal du skal prøve å få til neste gong?
  • Kan du finne ein strategi som gir deg gode moglegheiter for siger, eller ein som garanterer siger?

Mogleg utviding

Elevane kan prøve å lage eigne versjonar av spelet. For eksempel kan dei endre tala på tallinja, tala i rutenettet, operatørane eller kor mange på rad dei må ha for å vinne.

Mogleg støtte

Det kan vere lurt å ha lommereknarar tilgjengeleg og/eller tilpasse tallinja eller rutenettet til elevgruppa. Alternativt kan spelet endrast til at ein kastar med to terningar, og ein kan bruke ein valfri operasjon mellom dei to tala for å plassere eit tal på tallinja.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9