Sjokoladefabrikken

Stikkord: Modellering

Aktivitet

«I denne elven er det nok sjokolade til å fylle hvert eneste badekar i hele landet! Og hvert eneste svømmebasseng også! Er det ikke fabelaktig? Og se nå bare på rørene her – de suger opp sjokoladen og fører den til de andre rommene i fabrikken etter som det er nødvendig. Tusen liter i timen, barn! Nei, mange tusen liter i timen!»

-Willy Wonka

 

I filmane og boka «Charlie og sjokoladefabrikken» av Roald Dahl, er det ei elv av sjokolade som blir beskriven.

Kor mykje sjokolade kan det vere i elva?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Ta utgangspunkt i teksten frå boka eller eit klipp frå filmen.
  • Kor mange badekar og symjebasseng finst i landet?
  • Kor mange liter rommar eit badekar eller eit symjebasseng?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9