Pengebingen

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Onkel Skrue har ein pengebinge der han oppbevarer pengane sine. Han sym i pengane kvar dag.

En side fra Donald Pocket som viser onkel Skrues pengebinge.
Donald Pocket 500/Egmont Kids Media AS/2021.

Kor mykje pengar kan det vere i pengebingen til onkel Skrue?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor brei, lang og høg kan pengebingen vere?
  • Kva slags myntar og setlar har onkel Skrue i pengebingen sin?
  • Kor mykje plass tek dei ulike pengane?
  • Bruk gjerne ikkje-standardiserte mål for å komme i gang når dei skal vurdere kor mykje pengar det er plass til inni noko.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9