Mjølk

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor lang tid må éi ku bruke for å produsere nok mjølk for éin persons forbruk av meieriprodukt i løpet av eitt år?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mykje mjølk drikk ein person i gjennomsnitt?
  • Kva produkt inneheld mjølk?

Mogleg utviding

Kor mange kyr trengst for at Noreg skal vere sjølvforsynt med meieriprodukt?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9