Akvariefisk

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Noah ønskjer seg akvariefisk. Han har fått lov av foreldra, så lenge han betaler alt sjølv.

Kor mykje vil det koste å kjøpe akvariefisk og nødvendig utstyr?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor stort skal akvariet vere?
  • Kor mange fisk skal han ha?
  • Kva slags tilbehøyr trengst i akvariet?
  • Kor mykje fôr treng fiskane?
  • Kva slags utstyr trengst til reinsing av akvariet?

Endre gjerne oppgåva til å handle om eit dyr som elevane er interesserte i.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9