Pappeska

Stikkord: Modellering

Aktivitet

De skal byte klasserom og har fått ei stor pappeske til å flytte så mykje som mogleg. To elevar skal bere eska etter at ho er fylt opp.

Kor mykje får de plass til i eska?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

Oppgåva passar best når de byter klasserom eller ommøblerer. La elevane jobbe i små grupper. Utfordre elevane til å vurdere storleiken på tinga utan at elevane puttar dei oppi eska. Når dei meiner at dei har funne ting som fyller eska heilt, så kan elevane putte tinga i eska.

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva slags ting vil de putte i eska?
  • Korleis få plass til mest mogleg?
  • Kor tung eske kan to elevar løfte?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8