Moskus

Stikkord: Modellering

Aktivitet

På Dovrefjell lever det Moskus.

På biletet ser du ei mor med kalven sin.

Moskus med kalv.
Foto: Frank Fichtmüller

Kor stor er kalven?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva ligg i omgrepet stor? Høgd, lengd, breidd, masse?
  • Kor stor er ei vaksen moskusku?

 

Idé henta frå Herget, W. (2000). Ein Bild sagt mehr als 1000 Worte. https://disk.mathematik.uni-halle.de/lehrerseite/bild_1000_worte.pdf

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8