Gigantsteinar på fotballbane
Aktivitet
Ein dag i mars rasa steinar ned på ein fotballbane i Vaksdal kommune, og vi kunne lese dette i avisa:
I artikkelen blir det anslått at steinane er ca. 270 tonn. Kan det stemme?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor mange steinar er det?
- Kva må de finne ut om steinane for å berekne kor tunge dei er?
- Kva form har steinane?
- Kva er massetettleiken til steinane?
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret