Pippi løftar hesten

Stikkord: Modellering

Aktivitet

I denne boka om Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren, kan vi lese at Pippi greier å løfte hesten sin.

Boka: Her kommer Pippi. Av Astrid Lindgren.
Her kommer Pippi. Den store boken om Pippi Langstrømpe/Bokklubbens Barn/1988.

Kor mange frå klassen din trur de må samarbeide for å kunne løfte hesten til Pippi?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor tung er ein hest?
  • Kor mykje greier éin elev i klassen å løfte?

 

Henta frå Rita B. Ferri, Mathematical Modelling in School and in Teacher Education – Conceptions and Examples, Santiago de Chile, 11 th of January 2013.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8