Befolkninga i Noreg

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Tabellen viser befolkninga i Noreg den 1. januar i åra 2000 til 2023

År Befolkning År Befolkning År Befolkning
2000 4 478 497 2008 4 737 171 2016 5 213 985
2001 4 503 436 2009 4 799 252 2017 5 258 317
2002 4 524 066 2010 4 858 199 2018 5 295 619
2003 4 552 252 2011 4 920 305 2019 5 328 212
2004 4 577 457 2012 4 985 870 2020 5 367 580
2005 4 606 363 2013 5 051 275 2021 5 391 369
2006 4 640 219 2014 5 109 056 2022 5 425 270
2007 4 681 134 2015 5 165 802 2023 5 488 984

Kor stor vil befolkninga i Noreg vere i 2040?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Korleis har befolkninga utvikla seg?
  • Kva påverkar Noregs befolkningsvekst?
  • Korleis forventar de at befolkningsveksten vil bli framover?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10