Beredskapslager

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Norske styresmakter ønskjer at alle husstandar har eit beredskapslager med drikke, mat og nødvendig utstyr. På den måten kan styresmaktene rette innsatsen mot dei som ikkje kan klare seg sjølv i ein krisesituasjon.  

Planlegg eit beredskapslager for familien din og berekn kor mykje det vil koste.

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mange er det i familien?
  • Kor lenge skal beredskapslageret vare?
  • Kva må familien ha?
  • Kva bør familien ha?
  • Info frå DSB: www.sikkerhverdag.no

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10