Skoleavslutninga

Stikkord: Modellering

Aktivitet

De skal arrangere avslutningsfest med matservering for avgangstrinnet på skulen.

Lag ein oversiktleg plan for festen.

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mange elevar og gjester er det plass til?
  • Korleis møblere for å få plass?
  • Kor mykje mat og drikke treng de?
  • Treng de ein tidsplan for kvelden?

Ta gjerne utgangspunkt i avgangstrinnet og tilgjengeleg lokale/utstyr på skulen din.

Mogleg utviding

Planlegg ein konfirmasjon eller ein annan fest.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9