Konsert med Taylor Swift

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Du og bestevennen din ønskjer å kjøpe billett til ein konsert med Taylor Swift. Foreldra dine krev at du set opp eit budsjett over alle utgifter knytt til konserten.

Kor mykje vil reise og opphald koste?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Konsertstader: https://www.taylorswift.com/tour/
  • Kor mykje kostar billettane?
  • Kor mykje kostar transport til konsertstaden?
  • Kor mykje kostar overnatting?
  • Kor mykje kostar mat og drikke?
  • Kor mykje kostar merchandise?

Endre gjerne oppgåva til ein annan artist eller ei anna reise, til dømes til Tusenfryd eller Sommarland.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10