Sverd i fjell

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Sverda i Hafrsfjord er laga av Fritz Røed til minne om slaget i Hafrsfjord i år 872.

En mann står ved siden av de tre sverdene i Sverd i fjell som vi finner i Hafrsfjord.

Tenk deg at eit av sverda tilhøyrer eit stort menneske.

Kor høgt kan dette mennesket vere?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

Er det noko på biletet de kan bruke til å finne svar på oppgåva?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor høg er mannen på biletet?
  • Kor stor del av sverdet står ned i bakken?

Moleg utviding

Kor tungt er eit så stort sverd?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9,10