Menneske i lufta

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor mange menneske er luftborne over Noreg på kva tidspunkt som helst?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mange fly er i lufta samtidig?
  • Kor mange personar er det i eit fly? Ulike fly har ulikt tal på sete.
  • Luftambulansen, SeaKing, passasjertrafikk til og frå Nordsjøen.
  • Hugs at nokre store fly som flyg frå Europa til USA, flyg over Noreg.
  • Kan Flight Radar brukast?

 

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10