Konsert i Oslo

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Etter konserten til Rockebandet Rammstein, kunne vi lese dette i avisa:

Faksimile fra nrk.no: Rammstein spilte for an 60 000 tilskuere på Bjerke i Oslo.
Faksimile: nrk.no

Kor lang tid kan det ha teke å få alle menneska ut frå området etter konserten?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Korleis er Bjerke travbane forma ut?
  • Talet på utgangar frå området?
  • Kor fort kan ein gå i ein slik kø?

Mogleg utviding

Kor lang tid kan det ta frå den første går ut frå konsertområdet til den siste tilskodaren er heime?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10