Kø for ny TV

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Etter opning av ein ny butikk i Oslo, kunne vi lese dette i avisa dagen etter:

1600 i Elkjøp-kø: 1600 personer i kø for nye TV. Bildet viser også mennesker som står i en rotete kø.
Faksimile: E24.no

Kor stor plass treng butikken til lagring av TV-ane slik at personane i køen skal få kjøpe ny TV?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor stor er éin TV?
  • Kjøpte alle i køen éin TV kvar?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9