Skulehage

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Elevrådet ønskjer å bruke eit område i skulegarden til å dyrke bær og grønsaker til skulekjøkkenet. Dei må gjerde inn området for å hindre at dyr et opp plantane.

Kor mykje det vil koste å kjøpe inn gjerde og port?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva opplysningar treng vi for å berekne kostnadene?
  • Kor stort skal området vere?

 

Ide henta frå Peter Liljedahl, "Protecting your garden" https://www.peterliljedahl.com/teachers/numeracy-tasks

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10