Plen

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Syv ruller med ferdigplen på en Europall

Du skal lage til plen i hagen. Du vil bruke ferdigplen.

Kor mange rullar med ferdigplen treng du?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Korleis ser hagen ut?
  • Kva form har ein rull med ferdigplen?
  • Kor store er desse rullane?

Ta gjerne utgangspunkt i eit område i lokalmiljøet.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10