St. Ursen katedralen

Stikkord: Modellering

Aktivitet

St. Ursen katedralen i Sveits.

Biletet viser St. Ursen katedralen i Sveits.

Kor høg er katedralen?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan de sjå noko anna enn katedralen på biletet som kan vere til hjelp?
  • Veit de høgda til noko anna på biletet?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva er det høgaste punktet på katedralen?

 

Ideen er henta frå Rita Borromeo Ferri i «Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education», 2018, 53.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9,10