Personar i bilkø
Aktivitet
Ein måndag morgon i 2020 var det 180 km lang bilkø på motorvegen i Tyskland.
Kor mange personar kan det ha vore i denne køen?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor mange køyretøy kan det ha vore?
- Kor mange personar i gjennomsnitt er det per køyretøy?
- Kor mange køyrefelt er det?
Ide henta frå Gilbert Greefrath, «Analysis of Modeling Problem Solutions with Methods of Problem Solving», i Richard Lesh et.al. (2010) «Modeling Students’ Mathematical Modeling Competencies», ICTMA 13, 268.
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret