Flytting

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Mann som lener seg mot en liten varebil og er like høy som varebilen

Nils har leigd ein liten varebil fordi han skal flytte til ei ny leilegheit.

Kor mange flytteesker er det plass til i varebilen?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan det vere lurt å lage ei teikning?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor stort er lasterommet til bilen?
  • Kva form har lasterommet?
  • Kva storleikar har flytteeskene?

 

Ide er henta frå Rita Borromeo Ferri, s. 83 i «Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education», 2018.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10