Empire State Building

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Du er i eit hotellrom i New York og du skal besøkje observatoriet i toppen av Empire State Building.

Kor lang tid vil du bruke frå du går ut av hotellrommet til du er tilbake på hotellrommet?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kvar ligg hotellet i forhold til Empire State Building?
  • Kor lang tid tek turistheisen til observatoriet i toppetasjen?
  • Kor lang kø?
  • Kor lenge kan du vere i observatoriet?

Mogleg utviding

  • Viss du i staden bestemmer deg for å gå trappene, kor lang tid vil det ta?

 

Ide henta frå Jonas Bergman Ärlebäck og Christer Bergsten "On the Use of Realistic Fermi Problems in Introducing Mathematical Modelling in Upper Secondary Mathematics" i Richard Lesh et.al. (2010) "Modeling Students’ Mathematical Modeling Competencies", ICTMA 13, 602.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10