Drivstoff

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Steffen bur i Halden like ved grensa til Sverige. For å fylle drivstoff på bilen køyrer han til ein bensinstasjon i Sverige som ligg like ved grensa.

Lønner det seg å dra til Sverige for å fylle drivstoff?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor langt er det frå heimen til Steffen til bensinstasjonen i Sverige?

  • Kor mykje kostar drivstoffet i Noreg og i Sverige?

  • Kor mykje drivstoff bruker bilen til Steffen tur/retur?

  • Kor mykje bompengar må han betale?

Vurder å endre Steffens bustad slik at det passar elevane dine.

 

Ide henta frå Rita Borromeo Ferri, s. 111 i "Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education”, 2018.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10