Badevakta

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Et badevakttårn ved stranden

Du er på ei badestrand ved havet. Ei badevakt sit i eit tårn og speidar etter badande som kan ha problem.  

Kor langt utover havet kan badevakta sjå?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis kan de forenkle situasjonen?
  • Kan de lage ei teikning av situasjonen?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva slags form har jordkloden?
  • Kor høgt sit badevakta?
  • Bruker badevakta ein kikkert?
  • Korleis påverkar jordas krumning kor langt badevakta kan sjå?

 

Oppgåva er henta frå Rita Borromeo Ferri i «Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education», 2018, 56.

 

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

10