Heisen

Stikkord: Modellering

Aktivitet

plakett fra heis med teksten Heis for maks 1600 kilogram

Kor mange er det plass til i heisen?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor store er menneska?
  • Er det andre tinget enn menneske som skal vere med i heisen?

Mogleg utviding

Kan de vise kor mange det er plass til ut frå kor stor vi reknar med ein person er?

Kor stor bør ein slik heis vere?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9