Læreplankoblet

Av og til mistar vi ting

Aktivitet

Det hender at folk seier: «Det handlar berre om å vere ryddig!» Men av og til har ting det med å forsvinne likevel!

Ti svært nyttige ting kan brukast til mykje forskjellig. Vi brukar tal til å telje med, og også til å utforske matematikk.

Men kva ville skje om vi mista eitt av tala, eller siffera som vi også kallar dei? Vi kunne for eksempel ha mista alle niarar. Dersom menneska, for lenge sidan, hadde bestemt seg for å telje med niarar i staden for tiarar, måtte vi telje slik:

            1          2          3          4          5          6          7          8

Og så måtte vi seie «ein niar og ingen einarar», og då ville vi hatt 10.

Men denne 10 ville ikkje bli lesen som ordet TI – i staden ville vi sagt NI.

(Kanskje du har lagt merke til at før vi mista sifferet 9, ville vi sagt TI når vi såg 10, men vi hadde ikkje eit eige symbol for TI.)

No har vi altså mista sifferet for NI, så vi må bruke 10 for NI.

Dersom vi tel vidare, blir det slik:

Tabell med tall som mangler sifferet 9

Dersom vi hadde talt vidare, ville vi etter kvart ha kome til:

            71 – sju niarar, ein

Og dersom vi tel litt til:

            121 – ein (ni niarar), to niarar, ein

Prøv å telje litt vidare sjølv, og skriv ned korleis ein kan seie tala, slik tabellen over viser.

No skal vi sjå på multiplikasjonstabellen. Prøv å skrive inn tala slik dei er når vi har mista 9-talet.

Gangetabell uten tallet 9

Blir det vanskeleg, kan du ta ein titt på biletet som ligg under Starthjelp.

Etter at du har fylt ut multiplikasjonstabellen, kan du leite etter og utforske mønster. Sjå på samanhengane mellom ulike tal. Hugs å snakke om tala på den nye måten, slik at det siste talet i tabellen er «sju niarar og ein» (i staden for «sju tiarar og ein», eller syttiein).

Etter å ha utforska multiplikasjonstabellen kan du sjølv lage spørsmål og finne svar på dei. Eit eksempel: «Korleis ville det bli dersom vi hadde mista 8 i tillegg til 9?»
 

Starthjelp

Her ser du den ferdig utfylte multiplikasjonstabellen. Kanskje treng du berre å sjå på delar av han for å kunne fortsetje på eiga hand.

Gangetabell uten tallet 9

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten kan brukast til å introdusere andre talsystem. Arbeid med andre talsystem kan gi elevane betre forståing av det som skjer når vi arbeider i vårt «eige» talsystem, titalssystemet. I tillegg er aktiviteten fin å bruke til utforsking, og ein kan finne mange mønster i multiplikasjonstabellen. Elevane bør også oppfordrast til å grunngi kvifor mønstera oppstår.

Mogleg tilnærming

Du kan introdusere aktiviteten med romvesen som har ni fingrar i staden for ti. Så kan du gå gjennom enkel teljing som om du var dette ni-fingra romvesenet. Elevane kan vere med på å telje.

Når de har gjort teljinga saman, kan du vise måten å skrive tala på, før elevane kan fortsetje sjølve, gjerne i par.

Mogleg støtte

For somme elevar kan det vere nyttig å ha tilgang til konkret som viser talet 9 fysisk, for eksempel eit leikeromvesen med ni fingrar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9