Læreplankoblet

Marihøner i hagen

Aktivitet

I hagen til Alex og Lilly bur det to typar marihøner. Den eine typen har 7 svarte prikkar, og den andre har 4 raude prikkar.

to marihøner, en med 7 svarte prikker og en med 4 røde prikker

Alex og Lilly ser på eit blad med fire marihøner.

tre marihøner på et blad, to med 4 prikker, og en med 7 prikker

«Éi 7-prikkete marihøne», seier Alex, «og to 4-prikkete».

«Det er 15 prikkar til saman!» seier Lilly.

«Eg lurar på om vi kan finne marihøner der prikkane til saman blir andre tal. Eg veit korleis ein lagar 16.»

«Og 14 er også enkelt», seier Alex.

  • Korleis kan du lage 16 og 14 prikkar med 7-prikkete og 4-prikkete marihøner?
  • Kva for andre tal kan du lage ved å leggje saman 4-arar og 7-arar?
  • Kan du lage mange av tala mellom 4 og 35?
  • Er det nokre tal du ikkje kan lage?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

«Marihøner i hagen» er ein god aktivitet for å øve på addisjon, subtraksjon og kanskje også multiplikasjon. Aktiviteten har ein nyttig kontekst som oppmuntrar elevane til å prøve seg fram og leike med tal. Ein kan også arbeide med å lage eit system for å finne alle moglege summar og grunngi kvifor nokre tal er umoglege å lage.

Mogleg tilnærming

Begynn med å vise dei to bileta på tavla. Du kan enkelt få elevane i gang ved å spørje om kor mange prikkar det er på dei to første marihønene, og så på dei tre andre. Sei at du ser for deg nokre marihøner på eit blad med 16 prikkar til saman, og la elevane diskutere i par kor mange marihøner det kan vere.

Set klassen i gang med å finne andre moglege summar, utan å seie så mykje meir. Gå rundt når elevane arbeider, og sjå etter ulike måtar å arbeide på og halde oversikt. Etter ei stund samlar du klassen igjen og trekkjer fram noko av det du har sett. Somme har kanskje skrive reknestykke, medan andre kan ha laga teikningar. Somme begynner med eit tal, ein sum, medan andre begynner med ein kombinasjon av marihøner. Det er viktig at du understrekar at alle desse framgangsmåtane er moglege, og at det er avhengig av kva kvart par synest er mest nyttig. Minn elevane på at dei skal vere sikre på at dei har funne alle moglege summar. Korleis kan dei vite at dei har funne alle? No skal dei dele ideane sine. Det kan føre til ein diskusjon om å ha eit system å følgje, for eksempel å arbeide med tala i stigande rekkjefølgje eller å bruke berre 4-prikkete marihøner først, så 7-prikkete, og deretter kombinasjonar.

Samle klassen og knyt ideane til elevane saman ved å be dei om å skrive kvar sum dei fekk, og korleis dei kom fram til han, på eit stykke papir. Heng papirstykka på tavla, og la elevane arrangere dei i numerisk rekkjefølgje. Set opp ei liste over tal som ikkje er laga. Para skal sjekke at dette er umoglege tal. Det viktige poenget her er å få elevane til å forklare kvifor tala ikkje kan lagast. Be para overtyde kvarandre, og trekk fram nokre forklaringar i plenum.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for tal har de funne til no? Kva for marihøner sette de saman for å lage tala?
  • Kva for tal kan vi lage dersom vi ikkje har nokon 4-prikkete marihøner?
  • Kva for tal kan vi lage dersom vi ikkje har nokon 7-prikkete marihøner?
  • Kva for tal kan vi lage dersom vi har både 4-prikkete og 7-prikkete marihøner?
  • Korleis veit de at de har laga alle tala som går an?
  • Kvifor kan vi ikkje lage desse tala?

Mogleg utviding

Elevane kan få spørsmål om kva for kombinasjonar av prikkar som trengst for å lage alle tala under 30. Kan vi gjere det utan ei 1-prikkete marihøne? Dersom vi ikkje kan bruke ei 1-prikkete marihøne, kva for tal kan vi lage då?

Mogleg støtte

For somme kan det vere nyttig å ha eit ark med etterfølgjande tal frå 1 til 35, slik at dei kan fylle inn måtar å lage kvart tal på etter kvart. Kalkulatorar eller andre hjelpemiddel kan vere tilgjengelege for å støtte utrekningane, som hundrarkart, tallinjer, cuisenairestavar eller teljebrikker. Kopioriginalen inneheld kopiar av kvar marihønetype, og kan klippast ut til kort. For å gi endå meir støtte kan du lage marihøner med 2 eller 3 prikkar i staden.

Send inn elevsvar

Til enhver tid vil det være mulig å sende inn løsning på noen av oppgavene på Mattelist.

Elever står fritt til å sende inn egne løsninger, men vi vil også gjerne at lærere sender inn besvarelser fra klassen sin.

Løsningsforslag kan bli publisert på sidene. Det kan være stas for klassen, samtidig som at andre elever og lærere kan bli inspirert.


Her er en liten veiledning:

  • Vi ønsker en løsning, ikke kun et svar.
  • Skriv løsningen slik at andre kan forstå hvordan du har tenkt.
  • Send gjerne bilder av arbeidet ditt.
  • Bruk gjerne illustrasjoner, grafer, tabeller, tegninger eller andre ting som viser hvilke hjelpemidler du har brukt i løsningen.
Løsningsforslag kan bli publisert på sidene!

Ressursen er utviklet av NRICH

8