Læreplankoblet

H&K

Stikkord: Likninger Prosent Brøk

Aktivitet

Bokstavene H&K. De er røde.

Hummer og Kanari er ei kjede av dyrebutikkar som har butikkar over heile landet. Av og til får alle butikkane tilsendt dei same varene som skal seljast til same prisen.

Ein dag i april fekk alle H&K-butikkane tilsendt det same antalet av ei hundeleike, som dei skulle selje for 240 kroner.

I ein salsperiode på to veker vart prisen på hundeleika redusert med 25 % i alle butikkane. Butikksjefane kunne redusere prisen endå meir dersom dei ikkje fekk selt alle hundeleikene.

Butikk 1

Då salsperioden var over, hadde ein av butikkane igjen 30 hundeleiker, så butikksjefen bestemte seg for å redusere prisen med \(\frac13\), i håp om å få selt alle saman. Likevel fekk ikkje butikken selt alle hundeleikene. Det totale salet av hundeleikene gav butikken 20 100 kroner i inntekt.

Dersom butikken hadde greidd å selje alle hundeleikene på slutten av salsperioden, ville det gitt ei inntekt på 23 700 kroner.

Butikk 2

Ein annan butikk selde like mange hundeleiker før og under salsperioden på to veker, men i omvend rekkjefølgje (antalet hundeleiker dei selde for 240 kroner, var det same som antalet den første butikken selde under salsperioden, og motsett).

For å bli kvitt resten av hundeleikene etter salsperioden bestemte butikksjefen seg for å redusere prisen med nye 50 %, og han fekk dermed selt alle dei 30 leikene som var att. Den totale inntekta enda då på 20 100 kroner.

Kor mange hundeleiker selde Butikk 1, fordelt på dei forskjellige prisane?

Starthjelp

  • Hundeleikene vart selde til fire forskjellige prisar før, under og etter salet.
  • Kan du setje opp ei likning for kvar pris?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Konteksten i denne oppgåva er slik at elevane må analysere informasjon frå ei større mengde tekst, dei må representere den informasjonen og uttrykkje forholdet mellom forskjellig informasjon som eit sett av likningar. Deretter må dei tolke og forklare løysinga på likningane i lys av den praktiske situasjonen.

Mogleg tilnærming

Denne typen oppgåver kan vere vanskeleg og ikkje særleg motiverande for elevar som strevar med motivasjonen. Oppgåva kan medverke til å utvikle ein problemløysingskultur i klasserommet dersom tilnærminga fører til mykje diskusjon mellom elevar i grupper og i plenum. Mindre motiverte elevar kan framleis analysere, verifisere og kritisere forslag frå andre.

La elevane arbeide saman i par eller små grupper, og be dei om å finne relevant informasjon i teksten. Spør alle gruppene om dei har all nødvendig informasjon, og diskuter i plenum dersom dei er ueinige om delar av informasjonen.

Gruppene skal uttrykkje forholda som likningar, og fortsetje med å undersøkje og diskutere dersom noko er uklart. Deretter kan dei arbeide med å finne ei løysing på spørsmålet i oppgåva, og for eksempel skrive eit løysingsforslag på ein plakat som dei hengjer opp slik at andre også kan sjå på han.

Elevane kan sjå på resultat og presentasjonar av metode/representasjonar hos kvarandre, før ein plenumsdiskusjon der ein trekkjer fram og diskuterer strategiane. Finn dei sterke eller svake sider og likskapar eller ulikskapar i metodane? Til slutt kan du be nokre elevar forklare korleis dei algebraiske resultata fungerer som ei meiningsfull løysing på det praktiske problemet.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du finne all nødvendig informasjon som trengst i teksten?
  • Kor mange forskjellige prisar blir hundeleika seld for?
  • Korleis er desse verdiane relaterte til kvarandre? Uttrykk desse forholda algebraisk (i likningar).
  • Korleis går du fram for å løyse likningane?

Mogleg støtte

For å bidra til å byggje ein problemløysingskultur bør det vere stor spreiing i motivasjon og ferdigheiter i elevgrupper som arbeider saman. Elevar med meir kompetanse forklarar meir, medan andre bidreg med verifikasjon, spørsmål og tilbakemeldingar om effektiv kommunikasjon.

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10