Læreplankoblet

Desimaltid

Stikkord: Desimaltall Tid

Problem

I 1793 vart desimaltid innført i Frankrike, men forkasta igjen to år seinare.

Sjå på klokkene nedanfor. Klokka til venstre viser vår tid. Klokka til høgre viser den same tida, men med fransk desimaltid.

Ulike klokkeslett med vanlig tid og fransk desimaltid

Kan du finne ut korleis fransk desimaltid fungerer?

Korleis kan klokkene vere til hjelp?

 

Starthjelp

Kva får ordet desimal deg til å tenkje på? Dersom du ikkje veit kva det betyr, kan du søkje det opp på internett eller slå opp i ei ordbok.

Kor mange timar har eitt av våre døgn? Kva er klokka når halve døgnet har gått?

Kva er klokka med fransk desimaltid når halve døgnet har gått? Kva seier dette deg om det totale antalet timar i eit fransk desimaldøgn?

Har begge systema like mange minuttar i ein time?

 

Lærarrettleiing

Dette problemet er laga for å fengsle og forbløffe litt. For å kunne takle problemet må elevane vere trygge på å manipulere brøkar og desimaltal. Det er ein god idé å ha ein kalkulator tilgjengeleg.

Problemet er svært nyttig når det gjeld å få fram misoppfatningar ved vår digitale klokke, for eksempel at kl. 12:50 ikkje er ein halv time etter kl. 12:00. Problemet kan vere ein god reiskap for å utforske kvifor klokka vår er basert på talet 60, og ein kan også utforske kalendersystem i gamle kulturar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9