Læreplankoblet

Terningaddisjon

Aktivitet

Finn ein å spele med, og bruk ein 0–9-terning.

Spel 1

Begge teiknar eit addisjonsrutenett som dette:

addisjon

Byt på å kaste terningen. Etter kvart kast bestemmer de kva for ei rute de vil skrive talet inn i. Kast terningen fire gonger til de har fylt alle rutene.

Den som har ein sum nærast 100, vinn.

Det er to måtar å få poeng på:

  • Eitt poeng til den som vinn. Den første til 10 poeng vinn spelet.
  • Spelarane held oversikt over sine eigne «straffepoeng», som er differansen mellom resultatet dei fekk, og 100 etter kvar runde. Den første til 500 tapar.

De kan variere måltalet for å gjere spelet enklare eller vanskelegare.

Spel 2

Begge teiknar eit addisjonsrutenett som dette:

addisjon

Byt på å kaste terningen til de har kasta han fire gonger til saman. Så må de bestemme dykk for kvar de vil plassere dei fire tala i dykkar eige rutenett.

Den som har sum nærast 100, vinn.

Det er to måtar å få poeng på:

  • Eitt poeng til den som vinn. Den første til 10 poeng vinn spelet.
  • Spelarane held oversikt over sine eigne «straffepoeng», som er differansen mellom resultatet dei fekk, og 100 etter kvar runde. Den første til 500 tapar.

De kan variere måltalet for å gjere det enklare eller vanskelegare.

 

Lærarrettleiing

Kvifor skal vi arbeide med denne oppgåva?

Dette spelet er tankevekkjande og interessant. Det oppfordrar til diskusjon om plassverdi, hovudrekning og estimering, saman med verdifulle strategiar for matematisk tenking.

Mogleg tilnærming

De kan spele med ein vanleg 1–6-terning, men ideelt sett bør de bruke ein 0–9-terning.

Inviter frivillige (kanskje to og to) til å spele spelet på tavla, og forklar reglane for dei og resten av klassen.

Når spelet er over, stadfester du kven som har vunne, og forklarar poengsystemet.

Elevane spelar to og to saman. Ut frå målet for timen kan du bestemme om dei skal bruke det enkle eller det vanskelegare poengsystemet. Når det passar, kan du oppfordre dei til å variere måltalet.

Be elevane om å argumentere for strategiane sine, og trekk fram ideane deira i plenum på slutten av timen.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva gjer du for å kome nær 100?
  • Korleis bestemmer du deg for kvar du vil plassere tala?
  • Korleis finn du ut kva for måltal som er gode?

Mogleg utviding

Når elevane arbeider med spel 2, der dei kastar terningen fire gonger før dei bestemmer seg for kvar dei vil plassere tala, kan du utfordre dei til å grunngi og bevise at deira oppsett er så nær 100 som mogleg.

Mogleg støtte

Utrekningane blir enklare dersom ein brukar færre ruter i spela.

Du kan også dele ut talkort til elevane, slik at dei kan flytte tala rundt og vurdere ulike moglegheiter.

Elevar som synest det er vanskeleg å estimere, kan bruke kalkulator for å sjekke estimata sine.

Vel det enklaste poengsystemet, eller ha ein kalkulator tilgjengeleg til det vanskelege poengsystemet.

Para kan gjerne spele mot andre par.

Ressursen er utviklet av NRICH

8