Læreplankoblet

Biltur

Aktivitet

biler

Til denne aktiviteten treng du tre små bilar som skal ut på tur.

Du kan bruke ei trerampe som denne:

rampe

Eller så kan du lage ei med materialar du har tilgjengeleg.

Du kan også bruke ei stor sklie.

Dersom sklia er vid nok, kan du setje dei tre bilane ved sida av kvarandre og sleppe dei samtidig.

Kva for ein bil reiste lengst? Korleis veit du det?

Kor langt gjekk kvar av dei vidare frå botnen av sklia?

Kva anna kan du prøve?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne oppgåva skal elevane utforske ulike måtar å måle avstandar på gjennom leik. Det kan leie til diskusjonar om måleiningar, og korleis ulike avstandar kan samanliknast.

Mogleg tilnærming

Vurder om oppgåva passar best for heile klassen eller for éi gruppe om gongen.

Ha leikebilar og ei høveleg sklie eller liknande tilgjengeleg, og la elevane utforske fritt. Det kan vere nyttig å oppfordre til måling utan å seie noko spesifikt om korleis det bør gjerast.

Etter ei stund kan gruppa samlast for å dele og diskutere ulike framgangsmåtar og avstandar som dei målte.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for ein bil reiste lengst?
  • Kor langt reiste bilen?
  • Korleis veit du det?
  • Kor mykje lenger reiste denne bilen enn den som kom på andreplass?

Mogleg utviding

Nokre elevar kan oppfordrast til å finne måtar for å notere kor langt både deira eigne og bilane til andre har reist i løpet av aktiviteten. Diskuter korleis denne oversikta kan brukast på ulike måtar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8