Læreplankoblet

Paiar

Stikkord: Vekt Brøk Desimaltall

Problem

vekt

Bestemor har laga paiar til eit kakesal. Ho har vore nøye med å putte same mengda paideig i kvar form, og så vil ho gjerne finne ut kor mykje kvar pai veg.

Men ho har berre eit lodd på 200 gram og eit på 125 gram som ho kan bruke på vektskålene.

Ho finn ut at vektskålene er i balanse dersom det er ein heil pai på den eine sida og begge lodda pluss ein kvart pai på den andre sida.

Kor mykje veg ein pai?

Starthjelp

Kva veg dei to lodda til saman?

Dersom du tek bort den kvarte paien på den eine sida, kva kan du gjere med den heile paien slik at vektskålene blir i balanse?

Løysing

Vi kan begynne med lodda: 200 g + 125 g = 325 g.

Då veit vi at 1 pai (eller 4/4 pai) veg det same som 325 g + ¼ pai.

Dersom vi tek bort ¼ pai på kvar side, ser vi at ¾ pai veg 325 g.

Multipliserer vi med 4 på begge sider, finn vi ut at 3 paiar veg 1300 g.

Då veg 1 pai 1300/3 g.

Dette er berre éin av mange framgangsmåtar.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva er ei god utfordring for elevar som er godt i gang med rekning med brøk og desimalar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva veg dei to lodda til saman?
  • Dersom du tek bort den kvarte paien på den eine sida, kva kan du gjere med den heile paien slik at vektskålene blir i balanse?

Send inn elevsvar

Til enhver tid vil det være mulig å sende inn løsning på noen av oppgavene på Mattelist.

Elever står fritt til å sende inn egne løsninger, men vi vil også gjerne at lærere sender inn besvarelser fra klassen sin.

Løsningsforslag kan bli publisert på sidene. Det kan være stas for klassen, samtidig som at andre elever og lærere kan bli inspirert.


Her er en liten veiledning:

  • Vi ønsker en løsning, ikke kun et svar.
  • Skriv løsningen slik at andre kan forstå hvordan du har tenkt.
  • Send gjerne bilder av arbeidet ditt.
  • Bruk gjerne illustrasjoner, grafer, tabeller, tegninger eller andre ting som viser hvilke hjelpemidler du har brukt i løsningen.
Løsningsforslag kan bli publisert på sidene!

Ressursen er utviklet av NRICH

8