Læreplankoblet

Blomsterseljaren Rose

Problem

 

Hvit, rød og gul rose.

Blomsterseljaren Rose har 24 kvite, 42 raude og 36 gule roser. Kva er det største talet bukettar ho kan lage, viss ho skal bruke alle blomstrane og alle bukettane skal vere heilt like?

 

Starthjelp

 

  • Du kan teikne eller bruke til dømes brikker eller lappar for å prøve deg fram.

  • Eller du kan resonnere: På kor mange måtar kan ho lage like store bukettar med berre éin av fargane? Samanlikn det moglege talet for dei tre fargane.

 

Løysing

Klikk her for å sjå eit handskrive løysingsforslag​​​

Bilde av håndskrevet løsningsforslag.

Klikk på bilete for å sjå ein større versjon. 

 

Talet på bukettar må vere eit tal som går opp i talet på kvite roser og talet på gule roser og talet på raude roser. Det største talet som går opp i både 24, 42 og 36, er 6. Så det største talet bukettar Rose kan lage, er 6. I kvar bukett er det då 4 kvite, 7 raude og 6 gule roser.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9