Læreplankoblet

Dele bamsar

Aktivitet

To bamser

Emma og Theo skal dele nokre bamsar. Kva tal på bamsar kan dei dele likt, utan at det blir nokon til overs?

Kan dei dele éin bamse likt? Kan dei dele to bamsar likt? Tre bamsar? Fire bamsar, osb.?

Kva legg du merke til med dei tala Emma og Theo kan dele likt? Det kan hjelpe deg å bruke ei tallinje og merke av dei tala som kan delast likt på tallinja. Finn du eit mønster?

Kan du bruke eit 100-kart og gjere det same?

 

Starthjelp

 

Prøv å dele ulike tal på bamsar likt med ein venn. Viss de ikkje har så mange bamsar, kan de bruke teljebrikker, legoklosser eller andre leikar.

Korleis kan de halde orden på kva tal de har undersøkt?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Dette problemet engasjerer elevane i utforsking av divisjonsprosessen. Dei vil få høve til å utforske mønster som oppstår når dei dividerer med 2, og identifisere partal, altså multipler av 2.

Mogleg tilnærming

Introduser problemet ved hjelp av bamsar eller teljebrikker. Vel tal på bamsar etter kor mange bamsar du har tilgjengeleg. Ideelt sett hadde det vore fint med minst 10.

Be elevane utforske problemet i par, og notere det dei finn ut. Dei kan eventuelt markere resultata på eit 100-kart.

Samle klassen for å diskutere funn. I 100-kartet kan du fargeleggje dei tala elevane har klart å dele rettferdig, og bruke det til å diskutere desse spesielle partala. Klarer klassen å føresjå kva tal som blir det neste partalet? Korleis veit dei det? Kva er det største partalet i 100-kartet? Korleis veit dei det?

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan de fordele éin bamse rettferdig mellom Emma og Theo?

  • Korleis avgjer de om det går eller ikkje?

  • Korleis veit de om talet på bamsar har vorte fordelte rett?

  • Korleis vil de notere det de finn ut?

Mogleg støtte

Elevane kan fysisk fordele bamsar eller teljebrikker mellom seg. Då vil det bli lettare å oppfatte problemet.

Mogleg utviding

Elevane kan utforske fordeling mellom fleire elevar, og notere funna sine på liknande måtar. Kva finn dei då?

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8