Læreplankoblet

Koordinatutfordring

Aktivitet

Her ser du ein del av eit koordinatsystem:

koordinatsystem

Kan du plassere desse ti bokstavane på rett plass ved å følgje dei åtte leietrådane under?

bokstaver

Leietrådar:

Bokstavane ved (1,1), (1,2) og (1,3) er alle symmetriske om ei vertikal linje.

Bokstaven ved (4,2) er ikkje symmetrisk på nokon måte.

Bokstavane ved (1,1), (2,1) og (3,1) er symmetriske om ei horisontal linje.

Bokstavane ved (0,2) og (2,0) har rotasjonssymmetriHvis en figur er rotasjonssymmetrisk, kan vi snu (rotere) den og få samme figur på nytt, uten å ha rotert den 360 grader. (sjå definisjonen i Starthjelp).

Bokstaven ved (3,1) har berre rette linjer.

Bokstavane ved (3,3) og (2,0) har berre bøygde linjer.

Bokstavane ved (3,3), (3,2) og (3,1) følgjer rett etter kvarandre i alfabetet.

Bokstavane ved (0,2) og (1,2) ligg i kvar sin ende av det engelske alfabetet.

Bokstavene ved (0,2) og (1,2) ligger i hver sin ende av det engelske alfabetet.

Starthjelp

  • Dersom ein figur er rotasjonssymmetrisk, kan vi snu (rotere) han og få same figuren på nytt, utan å ha rotert han 360 gradar.
  • Det kan vere nyttig å lese ein og ein leietråd, og notere kva for bokstavar som kan passe på dei plassane.
  • Du kan også skrive ut dette arket, klippe ut bokstavane og flytte dei rundt i koordinatsystemet.
  • Kva typar symmetriar kjenner du til? Kva for ein bokstav er den einaste som ikkje har nokon symmetri i det heile? Korleis kan det vere til hjelp for deg?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva har to hovudkomponentar. For det første må elevane identifisere symmetriane til dei forskjellige bokstavane. For det andre må dei øve på å lese koordinatar. Her gjeld det å arbeide systematisk.

Mogleg tilnærming

Det kan vere nyttig å vise fram eller teikne koordinatsystemet på tavla. Då er det mogleg å skrive på det i løpet av økta.

Elevane kan arbeide parvis slik at dei kan diskutere ideane sine med ein medelev. Bokstavane på dette arket kan dei klippe ut og flytte rundt. Alternativt kan elevane arbeide på ruteark og bruke blyant og viskelêr.

Dersom elevane ikkje har så mykje erfaring med leidetrådar, kan det vere nyttig å lese opp ein om gongen før dei jobbar i par. På den måten gjer det ikkje noko om dei ikkje klarer å plassere bokstavane med ein gong. Dei kan flytte rundt på bokstavane etter kvart som dei får meir informasjon.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva slags symmetriar har denne bokstaven?
  • Kvar kunne denne bokstaven blitt plassert i koordinatsystemet? Korleis veit du det?
  • Kva for bokstavar passar til denne leietråden?

Mogleg utviding

Elevane kan utforske og lage ei oversikt over symmetriane til alle bokstavane i alfabetet.

Mogleg støtte

Elevane kan begynne med å lage ei oversikt over symmetriane til dei forskjellige bokstavane, finne ut om bokstavane har vertikal symmetri, horisontal symmetri, rotasjonssymmetri eller ingen symmetri. Denne oversikta kan dei bruke i arbeidet med å plassere bokstavane i koordinatsystemet.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9