Læreplankoblet

La oss dele!

Aktivitet

Vis korleis du kan svare på desse spørsmåla ved å bruke

  • ord
  • bilete
  • tal
  • ting/objekt

1)

Det er Julies bursdag, og ho skal ha fest. Ho har 24 cupcakar som ho skal fordele likt på 3 kakefat. Kor mange kaker blir det på kvart fat?

cupcake

2)

8 barn kjem på festen. Dei skal gå på kino. Kor mange bilar trengst for å køyre dei til kinoen dersom det er plass til 4 barn i kvar bil?

bil

3)

Julie vil gi alle på festen nokre sjokoladeegg som dei kan ta med seg heim. Sjokoladeegga blir pakka i kartongar med plass til 6 sjokoladeegg i kvar. Vil 50 sjokoladeegg vere nok til at alle dei 8 gjestene kan få med seg ein kartong heim?

sjokoladeegg

Starthjelp

Bruk steinar eller legoklossar i staden for kaker eller sjokoladeegg.

Løysing

Her går det an å tenkje på to måtar. Er det 8 eller 9 barn på festen dersom vi tel med Julie?

Dersom det er 8 barn til saman, held det med 2 bilar og 50 sjokoladeegg.
Men dersom det er 9 barn til saman, trengst det 3 bilar, og det blir ikkje nok egg til alle dersom kartongane skal fyllast opp. Kanskje må Julie då fordele egga, slik at kartongane ikkje er fulle?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Ved første augekast er dette ei samling med tekstoppgåver om divisjon. Men det er sett fokus på forskjellige måtar å forstå divisjon på:

  • dele og gruppere (delingsdivisjon)
  • etterfølgjande subtraksjon (målingsdivisjon)
  • invers multiplikasjon

Medan elevane arbeider, kan du observere kva for framgangsmåtar dei bruker. Dersom elevane får moglegheit til å velje fritt, har dei ofte sine eigne måtar å arbeide på.

Mogleg tilnærming

I kvart tilfelle er det mogleg å bruke forskjellige representasjonar for å beskrive situasjonen og løyse problemet. Elevane bør oppmuntrast til å forklare korleis dei har gått laus på problemet, og kva ressursar dei har brukt for å løyse det. Sjå og høyr nøye på korleis dei forstår spørsmåla, og korleis dei utviklar strategiar for å svare på dei.

Snakk med elevane om at forskjellige menneske gjer ting på forskjellige måtar. Forklar at det er nettopp det aktiviteten handlar om – det er viktig at elevane ikkje tenkjer at det finst berre éin måte å gjere det på.

Ved å arbeide parvis med eitt spørsmål om gongen kan elevane bruke meir tid på spørsmåla og unngå å pløye seg gjennom dei så fort som råd. Føreslå at dei tenkjer gjennom og snakkar om kva dei skal gjere før dei set i gang. Dei kan også prøve å løyse oppgåvene på ulike måtar.

Det kan hende at elevane vel å bruke konkret eller teikningar, eller kanskje noterer dei berre svara. Same kva strategi dei vel, kan det gi deg innsikt i sjølvtillit, språk, forståing og eventuelle misoppfatningar hos elevane.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du beskrive korleis du jobba med dette?
  • Kva tenkjer du om NNs måte å gjere det på?
  • Korleis visste du kva du skulle gjere først?
  • Har du jobba på ein annan måte no enn med spørsmåla ovanfor?

Mogleg utviding

Elevane kan lage forteljingar med oppgåver som ein medelev må løyse. Dei får ein skriftleg divisjon, for eksempel 18 : ? = 3, og skal lage ei forteljing rundt henne.

Elevane kan lage forteljingar som krev at dei bruker divisjon, gruppering, baklengs multiplikasjon og etterfølgjande subtraksjon.

Mogleg støtte

Somme elevar kan ha nytte av å bruke små leiker og dokker, slik at situasjonane blir så konkret som råd. Det å flytte rundt på konkret kan hjelpe dei som har minst sjølvtillit, til å sjå divisjon som ein meiningsfull måte å løyse ei oppgåve på.

Ressursen er utviklet av NRICH

8