Læreplankoblet

Graskarpai

Stikkord: Forholdstall

Problem

gresskar

 

Peter ville lage graskarpai til ein fest. Mor hans, som var bakar, gav han ei oppskrift som ho hadde. Men ho laga alltid 80 paiar om gongen! Her er oppskrifta hennar:

10 dusin egg
27 liter kondensert mjølk
470 store skeier sukker
100 teskeier kanel
140 koppar med graskar

Peter tok ein titt i skåpet og fann dette:

4 koppar med graskar
2 egg
1 1/2 teskei kanel
2/3 av ein liter kondensert mjølk
15 store skeier sukker

Hadde Peter nok ingrediensar til å lage to paiar til festen, eller måtte han gå ut for å handle?

Starthjelp

Korleis kan du finne ut kva som trengst for å lage to paiar?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Forholdstal kan vere eit vanskeleg tema, men i denne oppgåva får elevane øving i det. Oppgåva kan løysast på mange måtar som kan diskuterast i klassen. Då vil det også vere mogleg å vurdere kva elevane forstår, og potensielle misoppfatningar.

Mogleg tilnærming

La gjerne elevane arbeide parvis for å diskutere og uttrykkje korleis dei tenkjer. Gi kvart par eit stort ark der dei kan notere og teikne fritt.

Gi elevane tid til å setje seg inn i oppgåva. Deretter kan du samle klassen og spørje korleis dei har tenkt så langt, og kva som kan vere til hjelp for å setje i gang. Inviter kvart par til å forklare korleis dei har begynt. Resten av klassen kan stille spørsmål dersom dei lurer på noko.

Fokuser på ulike framgangsmåtar hos para. Alle skal dreie seg om å skalere opp eller ned.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan spørsmålet stillast på ein annan måte, slik at det blir lettare å forstå?
  • Kva er det eigentleg du treng å finne ut av?

Mogleg utviding

Dei fleste elevane fokuserer på egga først, ettersom dei er lettare å ha med å gjere enn liter, teskeier osv. Oppgåva er då løyst, for same kor mykje Peter har av dei andre ingrediensane, har han ikkje nok egg. Elevar som finn det ut fort, kan rekne ut kva for nokre av dei andre ingrediensane han treng meir av. Kva er det største antalet paiar Peter kan lage utan å kjøpe fleire ingrediensar?

Mogleg støtte

For elevar som synest denne oppgåva er vanskeleg, kan det vere nyttig å setje opp ein forholdstabell. Då kan dei skalere nedover i steg som dei har oversikt over. For sukker kan tabellen sjå slik ut:

Antal paiar Mengde sukker
80 470ss
40 235ss
20 117,5ss

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8