Læreplankoblet

Ti grøne flasker

Stikkord: Tid klokker

Problem

Ti grønne glassflasker hengende i tråder.

Ti grøne flasker hang på ein vegg.
Den første flaska fall ned klokka ti over fem om morgonen, og dei andre fall ned ei etter ei kvart femte minutt.
Når fall den siste flaska ned?

Starthjelp

Du kan bruke ei klokke eller ein modell og telje.
Tenk over kor mange femminutt det er mellom fallet til den første og den siste flaska.

Løysing

Den siste flaska fall ned fem minutt på seks (05.55)

Ein kan telje seg fram fem minutt om gongen, og då får ein:

05:10

05:15

05:20

05:25

05:30

05:35

05:40

05:45

05:50

05:55
 

Elles kan ein tenkje at klokka 05:10 var det 9 flasker igjen. 9 x 5 = 45, og 05:10 pluss 45 minutt gir 05:55 (fem på seks).

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva kan gjerast nokså raskt for å introdusere eller arbeide vidare med tid og klokker.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Når fall den første flaska?
  • Når fall den andre flaska?
  • Kor mange femminutt er det mellom fallet til den første og den siste flaska?

Mogleg utviding

Elevane kan finne formelen for fallet til den n-te flaska.

Mogleg støtte

For nokre elevar kan det vere nyttig å bruke ei konkret klokke eller ein klokkemodell.

Ressursen er utviklet av NRICH

8