Læreplankoblet

Klokkeslett

Stikkord: Symmetri Mønster

Aktivitet

I løpet av ein dag må eg ofte sjå på klokka mi.

«Er eg seint ute?»

«Kjem eg fram i tide?»

«Dette er kjedeleg, er ikkje klokka meir?»

«Eg klarer ikkje vente! Kva er klokka eigentleg?»

Eg har ei digital klokke på armen, ei på steikjeomnen og ei på tv-dekodaren, og eg ser dei elles overalt. I det siste har eg vore fascinert av måten digitale tal visest på, og mønstera dei lagar.

Når klokka er

1251

oppdagar eg noko interessant. Dersom eg plasserer ein spegel der prikkane er, ser eg at det er symmetri. Det er heilt klart ei symmetrilinje nedover midten.
Deretter ser eg etter ei til, og finn for eksempel

2005

Er det den neste symmetrien, eller finst det nokon mellom dei to klokkesletta?

Kor lang tid er det mellom dei to klokkesletta?

Den første utfordringa er å finne klokkeslett på ei digital 24-timars klokke som har ei symmetrilinje nedover midten. Det kan hende du finn nokre som anten er tillatne eller ikkje tillatne. Det er ein del av det utforskande arbeidet ditt.

Også andre former kan vere fascinerande, for eksempel denne:

609

Når du står på hovudet eller viser klokka di opp ned til andre, viser ho rett klokkeslett. Du må kanskje ignorere prikkane mellom timar og minutt, og då ser tala slik ut:

609

Det finst andre som liknar:

858

Vi ignorerer prikkane:

858

Kor mange slike klokkeslett finst det?
Kan vi bruke sekundtala også?
Hjelper det å alltid ha klokka på 24-timars visning?

Alt ovanfor dreier seg om former. No skal vi sjå på tal (siffer) i samband med klokkeslett.
Ein lærar brukte ein gong siffera på klokka for å avtale med elevane sine når dei skulle møtast igjen etter pausar. Dei skulle møtast igjen når summen av siffera var 10 (utan å inkludere sekunda). Etter lunsj møttest dei for eksempel klokka 12.07.

Her er tre andre klokkeslett der siffersummen blir 10:

523
2323
1423

Prøv å finne andre slike klokkeslett. Etterpå kan du endre reglane. Her er nokre klokkeslett med siffersum 12:

651
642
633
624

Starthjelp

  • Det kan vere nyttig å ha ein spegel tilgjengeleg.
  • Hugs at du kan kontrollere ved å snu arket ditt opp ned!
  • Ein lommereknar kan vere til hjelp når du utforskar digitale siffer utan prikkar mellom.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva kan gjennomførast som ein kort eller lang aktivitet, som ein del av opplæringa i romforståing og attkjenning av tal.

Mogleg tilnærming

Dersom elevane har erfaring med å lese digitale klokker, vil ein kort introduksjon vere nok til at dei kan velje kva dei vil utforske.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva er spesielt med det klokkeslettet du har valt?
  • Kan du finne fleire slike klokkeslett?

Mogleg utviding

Elevane kan undersøkje kor mange spesielle klokkeslett det finst mellom to bestemte klokkeslett. Elevar på høgare nivå kan finne system som føreseier kor mange spesielle klokkeslett det vil vere, utan å skrive dei ned.

Mogleg støtte

Det kan vere nyttig å ha ein spegel tilgjengeleg.

Ressursen er utviklet av NRICH

8