Læreplankoblet

Kva figur

Aktivitet

Dette er ei samarbeidsoppgåve for grupper med fire eller fem medlemmer.

Ein av gruppemedlemmene skal prøve å finne ut kva figur det er på eit utvalt kort (ein ukjend) ved å stille så få spørsmål som råd. Resten av gruppa må diskutere og bli einig om å svare «ja» eller «nei» på kvart spørsmål, og halde oversikt over kor mange spørsmål det er stilt. Gruppemedlemmene må stille korte spørsmål som gir meining, og dei må lytte og reflektere over det som blir sagt.

Dersom dei gjer oppgåva fleire gonger, kan dei byte på å vere den som stiller spørsmål for å gjette den ukjende. Det kan også vere lurt at ein av medlemmene er observatør. Alle treng eit blankt ark og ein blyant.

Reglar

  • Vel ein observatør som held oversikt over antalet spørsmål.
  • Personen som skal stille spørsmål, vel eit kort og gir det til dei andre, utan å sjå på det først.
  • Personen som skal stille spørsmål, kan stille opptil 12 spørsmål.
  • Når eit spørsmål er stilt, skriv dei andre gruppemedlemmene «ja» eller «nei» på arket sitt. Dersom alle er einige, gir ein av medlemmene svaret.
  • Dersom gruppa ikkje er einige om eit svar, må dei diskutere. Den som stiller spørsmål, bør ikkje høyre det som blir sagt. Når dei er einige, gir gruppa svaret.
  • Personen som stiller spørsmål, får tre forsøk på å gjette kva som er på kortet, før oppgåva blir avslutta. Kvar gjetting tel som eitt av dei 12 spørsmåla.
  • Gruppa kan gi hint: «kald», «varm» eller «glovarm», dersom den første eller den andre gjettinga er feil.

Når gruppa er ferdig med ein runde, diskuterer de kva som viste seg å vere gode og mindre gode spørsmål. Dersom personen som stilte spørsmål, ikkje fann ut kva det var på kortet, diskuterer de kva for spørsmål de burde ha stilt.

Retningslinjer for observatøren

  • Hald oversikt over antalet spørsmål.
  • Noter spørsmål som du synest var gode eller effektive, og kvifor.
  • Noter når gruppa arbeidet bra saman.
  • Kontroller at gruppa diskuterer før dei gir svaret.

Starthjelp

  • Har du funnet ut hvor mange sider figuren har?
  • Vet du noe om vinklene på figuren?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva støttar utviklinga av grunnleggjande omgrep i geometri, og gir elevane moglegheit til å snakke om og beskrive geometriske figurar og objekt på ein presis måte. Elevane får også høve til å resonnere, stille gode spørsmål og lytte til og reflektere over det som blir sagt.

Mogleg tilnærming

Oppgåva passar for grupper på fire–fem elevar. Ein av medlemmene (etter tur) prøver å gjette den ukjende figuren.

Ved å bruke ein person som observatør kan tilbakemeldingane bli meir spesifikke. Observatøren kan vere ein elev eller ein vaksen.

La gruppene få god tid til å arbeide med oppgåva, slik at alle medlemmene får vere den som stiller spørsmål, minst éin gong.

Ei av oppgåvene til observatøren er å kontrollere at gruppa diskuterer før dei gir eit svar.

Når gruppene er ferdige med oppgåva, er det viktig at dei bruker tid på å diskutere korleis samarbeidet i gruppa fungerte – først i grupper deretter i plenum. Dei skal vurdere kva dei har lært i arbeidet med oppgåva, og kva dei vil gjere annleis neste gong, særleg med tanke på å lytte til kvarandre og sørge for at alle er med. Det den enkelte og observatøren observerer, kan vere nyttige bidrag.

Avslutt arbeidet med ei felles oppsummering av nøkkelord for rom og former som kom fram i arbeidet.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Var det eit spørsmål som viste seg å vere særleg godt eigna til å gjette den ukjende?
  • Kva type spørsmål var mest nyttig for å gjette den ukjende fortast?
  • Kor godt lytta de til kvarandre i gruppa?
  • Korleis sørgde de for at alle fekk høve til å vere med?

Mogleg støtte

Den som skal prøve å gjette den ukjende, kan få ei oversikt over alle figurane på korta. Ein kan også bruke færre kort, og dei kan innehalde bestemte typar figurar, for eksempel mangekantar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8