Læreplankoblet

Rund av terningane

Aktivitet

Tre terninger, 5, 6 og 1.

Her er tre terningar med auge frå 1 til 6. Når du trillar terningane, kan auga kombinerast på seks ulike måtar for å lage eit tal under 10, med to desimalar.

Dersom du trillar for eksempel 2, 3 og 6, kan du kombinere desse tala og lage 2,36, 2,63, 3,26, 3,62, 6,23 og 6,32.

Desse desimaltala kan avrundast til det næraste heile talet:
2,36 kan avrundast ned til 2; 2,63 kan avrundast opp til 3; 3,26 kan avrundast ned til 3; 3,62 kan avrundast opp til 4; 6,23 kan avrundast ned til 6; og 6,32 kan avrundast ned til 6.

Gjenta dette med andre tal du kan få med terningane.

Kan kvart av dei seks desimaltala avrundast til det same heile talet?
Kan kvart av dei seks desimaltala avrundast til forskjellige heile tal?

Starthjelp

  • Trill terningane, og set saman dei ulike desimaltala.
  • Avrund desimaltala til næraste heila tal. Hugs at du nokre gonger må avrunde opp og nokre gonger avrunde ned.
  • Du kan halde oversikt med ein slik tabell:
Tabell med terningkast.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva gir ei praktisk tilnærming til å arbeide med avrunding av desimaltal til næraste heile tal. Elevane blir oppfordra til å bruke representasjonar som hjelper dei med å halde oversikt, oppdage mønster og formulere hypotesar.

Mogleg tilnærming

Begynn med ei tallinje, og repeter kva vi meiner med avrunding. Elevane bør ha tilgang til terningar når dei arbeider med oppgåva.

Under arbeidet bør elevane føre resultata sine i ein tabell, for eksempel denne:

Tabell med terningkast.

Ei slik organisering av resultata gjer det lettare å oppdage mønster og å formulere hypotesar om når desimaltala vil bli avrunda til forskjellige heiltal.

Enkelte elevar kan også arbeide med utvidingsspørsmåla nedanfor.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for nokre tal kan du lage?
  • Kva vil dei bli avrunda til? Vil dei bli avrunda opp eller ned? Kvifor?
  • Vil dei bli avrunda til det same heiltalet? Kvifor? Når vil det skje?
  • Spelar det noka rolle om tala du får, er like, eller om dei er ulike?

Mogleg utviding

Utviding 1: Finn eksempel på at nokre av desimaltala blir avrunda til det same heiltalet. Lag ein regel for når det skjer. Når vil to desimaltal blir avrunda til det same? Eller tre? Eller fire? Eller alle seks?

Utviding 2: Finn eksempel på at kvart desimaltal blir avrunda til ulike heiltal. Kvifor eller kvifor ikkje blir det slik?

Utviding 3: Elevar som er ferdige med den opphavlege oppgåva, kan leggje til ein kolonne til høgre i tabellen, der dei noterer om tala blir avrunda opp eller ned. Kan elevane føresjå om desimaltala vil bli avrunda opp eller ned, berre ved å sjå på tala dei får på terningane?

Utviding 4: Gjer oppgåva med andre tal på terningane.

Utviding 5: Avrund tala i oppgåva til næraste tidel.

Mogleg støtte

Utskrift av ein ferdig tabell kan vere til hjelp. Ei tallinje kan også vere nyttig når elevane skal vurdere kva for eit heiltal som er nærast eit desimaltal.

Ressursen er utviklet av NRICH

8