Eit gjennomsnittleg problem
Problem
Vi har fire ukjende heiltal.
Gjennomsnittet av dei to første tala er 4.
Gjennomsnittet av dei tre første tala er 9.
Gjennomsnittet av alle fire tala er 15.
Dersom eitt av tala er 2, kva er dei andre tala?
Løysing
Her er ein måte å løyse oppgåva på:
Sidan dei to første tala har eit gjennomsnitt på 4, må summen av dei vere 8.
Sidan dei tre første tala har eit gjennomsnitt på 9, må summen av dei vere 27.
Difor må det tredje talet vere \(27-8 = 19\).
Summen av alle dei fire tala må vere \(4\cdot15 = 60\).
Difor må det fjerde talet vere \(60-27 = 33\).
Dersom eitt av tala er 2, og summen av dei to første tala er 8, må det andre talet vere 6.
Det vil seie at tala er 2, 6, 19 og 33.
Ressursen er utviklet av NRICH