Læreplankoblet

Kaja Kanin

Aktivitet

Kaja Kanin skal hoppe opp ei trapp med fem trinn. Ho kan berre hoppe eitt eller to trinn i kvart hopp. Ho hoppar aldri ned. På kor mange ulike måtar kan Kaja Kanin komme seg opp trappa? Vis resonnementa dine, slik at du argumenterer for løysinga di.

kaja2

Starthjelp

Viss Kaja hoppar berre einar-hopp til toppen, kan ho gjere det på berre éin måte. Kor mange måtar finst det viss ho hoppar eitt toar-hopp og resten einar-hopp?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I arbeid med denne aktiviteten ønskjer vi at elevane skal arbeide kreativt og oppleve skaparglede. Det trengst omfattande utforsking for å komme fram til ei løysing på problemet. Samtidig kan elevar med kjennskap til ulike problemløysingsstrategiar finne elegante strategiar for å løyse oppgåva.

Mogleg tilnærming

Oppgaven kan presenterast munnleg. Elevane bør samarbeide to og to, slik at dei kan kommunisere og systematisere saman. Då kan dei få testa resonnement og argument på kvarandre.

I ei felles oppsummering kan elevar med ulike framgangsmåtar vise løysingsforslaga sine på tavla. Diskusjonen og oppsummeringa bør leggje vekt på kva elevane har gjort, og kvifor dei er sikre på at dei har funne alle måtane.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Spelar det noka rolle om Kaja hoppar toar-hoppet først eller sist?

  • Korleis skal du klare å halde oversikt over det du har prøvd, og det du har funne ut?

  • Kan du lage ein visuell representasjon (til dømes ei teikning) som kan hjelpe deg til å løyse oppgåva?

  • Finn du nokre mønster i det talmaterialet du har fått?

  • Kan du forenkle problemet? Kva om trappa hadde hatt to trinn, tre trinn, fire trinn? Finn du då nokre mønster?

  • Kvifor er du sikker på at du har funne alle løysingane?

Mogleg støtte

For elevar som strevar med å halde oversikt, kan det vere aktuelt å forenkle oppgåva, kanskje prøve ei trapp med tre eller fire trinn. Elevane kan også bruke cuisenairestaver (berre einarar og toarar) eller anna konkretiseringsmateriell som kan symbolisere hoppa som Kaja gjer.

 

Aktiviteten er henta frå youcubed.org og er omarbeidd ved Matematikksenteret.

Elevsvar

Elevar på 3. trinn ved Meldal skule har sendt inn løysingsforslag på oppgåva.

Sigrid har teikna opp alle dei moglege måtane Kaja kan hoppe opp trappa, og fann ut at det er 8 ulike måtar ho kan gjere det på:
 

Sigrids løsning

 

Ein annan elev ved Meldal skule teikna dei ulike måtane med kvar sin farge, og fann også ut at det vart 8 ulike måtar å hoppe opp trappa på:

Løsning fra Meldal skole

 

8