Bygg snurrebass med Plus plus-brikker

Aktivitet

De treng:

  • Plus plus-brikker. De kan også byggje med andre typar brikker, f.eks. Lego.

Byggje fritt

Barna leikar fritt med Plus plus-brikkene, slik at dei blir kjende med dei. Det kan godt vere at nokre av barna vil lage dyr, hus, mønster o.l. Etter ei stund kan det hende at dei vil lage noko heilt bestemt med brikkene. Dersom denne interessa ikkje dukkar opp spontant, kan du gjere leiken rikare ved å fokusere på noko av det dei byggjer og lagar. Saman kan de studere form og storleik på dei figurane som barna lagar på eige initiativ.

Byggje snurrebassar med Plus plus-brikker

I mange barnehagar er det i periodar stor interesse for snurrebassar og spinnarar. Eit av barna har kanskje funne ut korleis det er mogleg å byggje snurrebass med Plus plus-brikkene? Dei andre barna vil kanskje lære å byggje på same måten? Under ser vi tre snurrebassar som er bygde av Plus plus-brikker.

3 små lego-snurrebasser

Barnet som har bygt ein snurrebass, blir oppfordra til å forklare og vise roleg korleis han eller ho gjer det. Først gjeld det å finne ut kor mange brikker som trengst. Når dei andre barna har funne det rette talet brikker, er dei klar til å følgje med på instruksjonane. Barna som lyttar, får øving i å følgje ei oppskrift, stille spørsmål når dei ikkje forstår, sjå på ein byggjeprosess og herme etter han. Matematiske omgrep som kan kome naturleg fram, er: talet på, på tvers, likskap, ulikskap, oppover (loddrett), flatt (vassrett), midt på, o.l.

Her er eit eksempel på bygging av ein snurrebass. 

Et barn i ferd med å bygge lego-snurrebass
Spinnere med to rotorblader

På biletet over til venstre ser vi spinnarar med fire rotorblad, og til høgre spinnarar med to rotorblad.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne aktiviteten?

Å byggje med klossar og brikker er konstruksjonsleik. Konstruksjonsleik utviklar romkjensla til barna, mellom anna ved at dei må sjå for seg korleis byggverket skal bli frå fleire perspektiv. Dei får erfaring med former og tal ved at dei opplever at mindre delar kan setjast saman til større delar, og ved at dei må finne ut kor mange brikker dei har bruk for. Når barna for eksempel byggjer snurrebassar etter ei oppskrift, må dei følgje reglar og krav, slik at det dei byggjer, blir likt det som er bygt på biletet i oppskrifta. Barn som byggjer saman, lærer av kvarandre og tek i bruk omgrep som er nødvendige for å hjelpe kvarandre. 

Gode rettleiingsspørsmål

Beskrive

Gjer sitt til at barna utforskar og oppdagar nye samanhengar i arbeidet med spinnarane.

  • Korleis lagar du spinnaren din?
  • Kor mange rotorblad trur du vil fungere best?
  • Kva er det viktig å hugse på når du skal lage ein spinnar?

Resonnere

Oppmuntrar barna til å tenkje og resonnere i bygginga. Engasjerer barna i ein prøve-og-feile-prosess der stadig nye idear må prøvast ut.

  • Er det fleire måtar å lage ein spinnar på?
  • Spinn han like godt eller lenge om vi roterer han mot høgre som mot venstre? Spinn han like godt om vi roterer han med høgre som med venstre handa?

Utvide

Oppfordrar barna til å utforske situasjonen vidare eller djupare, til å sjå for seg kva som vil skje dersom dei endrar eller legg til noko. Hjelper barna til å visualisere og føresjå.

  • Vil noko bli endra dersom vi byggjer med ein annan farge?
  • Vil noko bli endra dersom rotorblada er lengre? Eller kortare?
  • Kva vil skje dersom vi byggjer spinnarar med færre eller fleire rotorblad?

Hugse/dokumentere

Oppmuntrar barna til å tenkje på korleis dei kan halde oversikt over bygginga si, anten for å utforske matematikken her og no eller for å referere til han seinare.

Mogleg utviding

Snurrebasskonkurranse!

Barna lagar kvar sin snurrebass og er med i ein konkurranse om å halde spinnaren i gang lengst mogleg (i tid). Du kan hjelpe dei ved å organisere turtaking, ta tida på spinnarane og notere ned resultat, for eksempel i eit enkelt diagram. Konkurransen kan leie til vidare utforsking om kva type snurrebass som spinn lengst, kva underlag som fungerer best, osv.

Skal vi saman teikne, skrive ned eller ta bilete av framgangsmåten, slik at vi hugsar det til ein annan gong?

Send inn elevsvar

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
17