Læreplankoblet

Gjette firkantar

Stikkord: Firkanter Egenskaper

Aktivitet

Her er eit spel du kan spele med ein venn.

Be vennen din tenkje på ein av firkantane nedanfor, men utan å røpe kva for ein. Så skal du stille spørsmål for å finne ut kva firkant han tenkjer på – utan å bruke namnet på firkanten. Han kan berre svare ja eller nei på spørsmåla dine.

Så kan de byte roller.

Kven løyser oppgåva med færrast spørsmål?

Ulike firkanter: Likebeint trapes, rektangel, rombe og drage.

Figur 1

 

Ulike firkanter: Parallellogram, kvadrat, trapes og pilspiss

Figur 2

 

Du kan skrive ut ei oversikt over alle firkantane her.

Her er nokre spørsmål du kan tenkje over:

  • Kor mange spørsmål må du stille for å vere garantert at du gjettar firkanten som vennen din tenkjer på?
  • Kva vil du spørje om først?
  • Viss vennen din svarer ja, kva blir ditt neste spørsmål?
  • Viss vennen din svarer nei, kva vil du spørje om då?

Karl og Alise har spelt dette spelet. Karl seier at han alltid kan gjette rett etter å ha stilt berre tre spørsmål. Kva spørsmål trur du Karl stiller først? Og kva vil han følgje opp med å spørje om?

Kan du finne opp eit spel med fleire former som er slik at du alltid kan klare å gjette rett etter berre fire spørsmål? Kva er det største talet på former du kan ha med i eit slikt spel?

 

Starthjelp

Når eg speler «Tenk på eit tal» der eg skal prøve å komme fram til eit tal mellom 1 og 100, kan eg byrje med å spørje «er det 52?» eller «er det mindre enn 5?»

Men eg spør som regel heller «er det er partal?» eller «er det større enn 50?»

Kan du sjå kvifor eg føretrekkjer dei siste to spørsmåla?

Kan du finne ein liknande måte å spørje på i spelet med å gjette firkantar?

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9